Hopp til hovedinnhold
bokomslag: Rettleiing i barnehagen - tilpassing eller danning?
Hege Fimreite

Rettleiing i barnehagen - tilpassing eller danning?

2024Nynorsk160 siderOpplesing tilgjengelig
Ikke inkludert i abonnementet Allvit+

Rettleiing i barnehagen - tilpassing eller danning? handlar om korleis rettleiing kan bidra til å utvikle barnehagen i lys av eit danningsperspektiv, med merksemd retta mot prosessar med mål om å lære, utvikle og endre praksis.

Kvardagen i barnehagen inneheld ulike og komplekse situasjonar der ulik tilnærming til rettleiing bør nyttast, der det heilskaplege kring ulike situasjonar og utfordringar bør takast omsyn til. Boka inneheld ulike tilnærmingar til rettleiing med vekt på handling og refleksjon, systemisk tenking og utforsking.

Forfattaren belyser også ulike former for rettleiing og korleis desse kan nyttast i ulike situasjonar i barnehagen. Teoriforankringa vektlegg eit sosiokulturelt og situert perspektiv der interaksjon og samhandling står sterkt, og der kunnskapen er infiltrert i historisk og kulturell kontekst og difor unik for kvar einskild barnehage.

Boka byggjer også på teoriar om danning og teorien om praksisarkitekturar, og ho inneheld diskusjonar om moglegheiter og utfordringar med å utvikle måtar å tenke, handle og relatere seg til kvarandre på i rettleiingsrommet. Forfattaren viser korleis rettleiing kan bidra til å utvikle barnehagen, og løftar fram fellesskap, fagkunnskap og utforsking som drivkrefter for læring, utvikling og endring.

Bak i boka finn du eit vedlegg med forslag til ulike former for rettleiing.

Rettleiing i barnehagen - tilpassing eller danning? er skriven for studentar i barnehagelærarutdanninga. Den er også relevant for vidareutdanningar innan barnehagefeltet og for alle som er interessert i å lese om rettleiing for læring, utvikling og endring i barnehagen.

ISBN9788202832155
UtgiverCappelen Damm akademisk
Utgaveopplysning1. e-bokutgave tilsvarer 1. trykte utgave 2024
ISBN på tilsvarende papirutgave9788202792428
Originalt formatEPUB
ForfattereHege Fimreite
Tilgjengelig for opplesingJa
Inkludert i abonnementet Allvit+Nei

Om boka

Fagområde