Hopp til hovedinnhold
bokomslag: Profesjonsetikk for barnevernspedagogar
Jan StorøEinar Aadland

Profesjonsetikk for barnevernspedagogar

2023Nynorsk215 siderOpplesing tilgjengelig
Ikke inkludert i abonnementet Allvit+

Det finst mange kryssande krav og forventningar til dei som jobbar innan barnevern. Denne boka om profesjonsetikk handlar nettopp om det; om korleis ein kan finne fram til best mogleg handlingsval når situasjonar blir vanskelege og tvilen melder seg.

I første del av boka blir det gjort greie for profesjonsetikk generelt; for etiske nøkkelomgrep, teoriar og tenkjemåtar. Her blir også etiske refleksjonsmodellar gjennomgått og forfattarane viser korleis systematisk refleksjon kan hjelpe oss i vanskelege situasjonar.

Andre del av boka går inn på typiske etiske utfordringar ein kan møte som barnevernspedagog. Etter ein gjennomgang av bakgrunnen for dagens organisering av barnevernet og faglege normer og verdiar, tek forfattarane for seg typiske dilemma i dette arbeidsfeltet. Dette handlar ofte om interessemotsetningar, som mellom barnets interesser på den eine sida og vaksnes interesser på den andre, eller mellom omsynet til enkeltindividet på den eine sida og samfunnets interesser på den andre sida. Boka presenterer fleire aktuelle case og viser korleis ein kan arbeide med etisk refleksjon for å komme fram til gode handlingsval i desse situasjonane.

Jan Storø er dosent emeritus ved OsloMet - storbyuniversitetet, og filmkritikar. Han er forfattar av fleire fagbøker innanfor barnevern, ettervern, skriving og sosialpedagogikk.

Einar Aadland er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo. Han har publisert bøker, artiklar og forskingsrapportar innanfor områda etikk og verdiar, organisasjonskultur, vitskapsteori og leiing.

ISBN9788234011153
UtgiverSamlaget
Utgaveopplysning1. e-bokutgave tilsvarer 1. trykte utgave 2024
ISBN på tilsvarende papirutgave9788234011146
Originalt formatEPUB
ForfattereJan StorøEinar Aadland
Tilgjengelig for opplesingJa
Inkludert i abonnementet Allvit+Nei

Om boka

Fagområde